Repeterer dei to enkle søkjetriksa mine, med framlegg til nemningar:
1) rosettasøk
Her er meininga å fiska ut moglege parallelltekstar frå tekstbassenget, evt. norske tekstar der termen står i eller er forklart i parentes.
Metode: Søk på det utanlandske uttrykket, men avgrens søket til norske nettstader
2) definisjonssøk
Her leitar me etter tekstar der forfattaren har teke på seg å forklåra den termen me er ute etter.
Metode: Søk på det utanlandske uttrykket, men legg til ein definisjonsfrase à la «… is a»
Bård