Fekk lyst til å koma eit steg nærare løysing på strekke-gåta med utgangspunkt i Knut, Per m.fl., nynorsk og litt språkhistorie.
Alle har vel lagt merke til at det skiljet bokmål av og til har i preteritum mellom intransitive og transitive verb (hang/hengte) går att i heile bøyinga i nynorsk:
hanga-heng-hang-hange / hengja-hengjer-hengde-hengt (høvesvis «sterk» og «svak» bøying).
Og i mange fleire ord.
Ein skulle venta at strekka/strekkja var eit slikt par. Det stemmer for så vidt som ein transitivt «strekkjer ut noko», «strekkjer seg» osb. Problemet er at eg til liks med dei andre berre finn eitt døme på den intransitive varianten, i tydinga ‘forslå’ t.d. «strekka til». Men dette er kanskje ikkje noko problem. (Borsett frå at det kanskje er vanskeleg å akseptera at dei intransitive døma djupast sett er det…)
I den mon bokmål har sterke fortidsformer (strakk i transitive tydingar), kunne ein ha «skulda» på tiltrekkingskrafta til det sterke verbet dersom det var meir frekvent. Men det spørst om det er det. Kanskje er grunnen ei større rørsle i klasse 3 av sterke verb, slik at overgangar som «jeg brente/hengte noe>jeg brant/hang noe» ligg under. (Når det gjeld strekke, ville eg ha tippa at overførde tydingar vil gå fyrst, fordi det sterke verbet har ei «abstrakt» tyding. Men det stemmer vel ikkje?)
Valet strekte/strakte, derimot, er truleg ikkje semantisk (på same vis), men kan heller jamførast med rekte/rakte, eller telte/talte for den del — det handlar meir om geografisk variasjon som tilfeldigvis er innlema, rørt i hop og tilslørt i det same riksdekkjande målet (strakte/strekte valfritt i nynorsk òg, forresten). Og om det at nokon tilfeldigvis har høyrt det eine oftare enn det andre i visse samanhengar, osb. Slikt vert det sjølvsagt semantikk av etter kvart ….. og det kan ha vore det før, dersom dialektar med den eine forma nytta ordet annleis enn dei med den andre (Vekslinga pres. -e-/pret. -a- er vel mest opphavleg i dei fleste av desse orda, gjennomførd -e- luktar det analogi av.)
Skal me tru Alf Torp (1919) kjem det sterke strekka (strakk) av rekka i same tyding. Det vil seia abstrakt tyding à la «eg rakk ikkje å…». Det svake strekkja kjem av mnt. strecken i konkrete tydingar som «strekkja ut». Det svarar òg godt til det svake rekkja («rekkja ut handa»).
I nynorsk vert både
strekka-strakk / strekkja-strekte (el. strakte) og
rekka-rakk / rekkja-rekte (el. rakte)
klassiske tilfelle av parverb, sjølv om den sterke sida har få medlemer. I bokmål let situasjonen seg forstå på same vis, med nokre språkhistoriske justeringar som ein ikkje bør leggja altfor mykje semantikk i (påverknad svak>sterk form og -a->-e-).
(?)
Vh
Bård
—– Original Message —–
From: Knut Johansen
To:
Sent: Tuesday, November 12, 2002 11:58 PM
Subject: Re: SPM – strakte seg / strakk seg
Erik Ringen, som kommentar til Jon Rognliens problem med «en stor slette som strakk(Jons valg)/strakte(korrekturlesers valg) seg nesten helt bort til klippene»:
| Kan dette paret strakte/strakk være i familie med par som hengte/hang,
| senke/sank, slengte/slang, etc.?
|
| I disse tilfellene skiller man vel mellom transitive og intransitive verb.
| strakte, brente, hengte, slengte etc. brukes i transitive konstruksjoner,
| mens de andre er intransitive:
|
| Hun strakte seg ut. Pengene strakk ikke til.
| Han hengte opp tøy. Tøyet hang til tørk.
| De senket skipet. Skipet sank.
| etc.
Når man skiller på denne måten, pleier uttrykk med verb + seg (refleksive verb) å falle i kategori 1, den med «de senket skipet» (transitivt), ikke kategori 2, den med «skipet sank» (intransitivt):
Mørket senket seg = De senket skipet
Men:
Så sank mørket over dalen = Skipet sank
Men sånn er det visst ikke med «strekke», etter Guttus eksempler å dømme.
A. strekke II (strakte – strakt el. strukket) ser i og for seg greit ut:
+ seg:
Han strakte seg og gjespet [som man kunne forvente = mørket senket seg]
Forhandlingene strakte seg over en uke [ditto]
… en stor slette som strakte seg nesten helt bort til klippene [ditto]
Vi strakte oss så langt vi kunne [ditto, men Jon R. er altså i tvil, og neppe alene om det]
B. Men så ser det ut til at vi også kan ha strekke I (strakk – strukket) + seg:
Tøyet, tauet strakk seg [ikke strakte, som forventet, jfr. mørket senket seg, men: mørket sank …. Ingen ville vel skrive «strakte» her, eller?]
Han strakk seg det han kunne for å nå opp [ditto, men det er vel ikke umulig å skrive «strakte seg» her?]
— Guttus eksempler synes ellers stort sett å stemme med Eriks antagelser, men jeg synes jeg kan skimte flere rariteter, som vi lar ligger her.
Uansett gir Eriks antagelser løsningen:
«en stor slette som strakte seg [korrekturlesers valg!] nesten helt bort til klippene»
og det er jo heldigvis i samsvar med Guttus eksempler, også med Per Qvales illustrerende eksempelmateriale, og med mitt gehør, for den saks skyld.
Det er vel det man må ty til her, sitt formentlig gode gehør.
Å konsultere Bokmålsordboka bør i hvert fall frarådes, om man ikke ønsker å geråde i den totale forvirring. — Ikke fall for fristelsen til å slå opp nå da!
Knut Johansen