Re: synsing/spørsmål: Suetonius>encefalisering

Anglolatinisering av gresk irriterer meg meir. (For å vera ærleg er eg litt svak for stryking av omstendelege og malplasserte kasusendingar som berre skaper ein overflatisk aura av klassisk herlegdom ;-o, vonar eg ikkje vert landlyst for det :-). Men eg likar òg stutte innbyggjarnamn som «grek», «indian» osb., så det er sannsynlegvis meg det er noko gale med.)

Det var synsinga, så til saka: Til dømes c for k. Eg må visst skriva «encefalisering» (trass i gresk «kephale»). Mogleg at sjølve samansetjinga er ugresk, men likevel …

Har eg noko val?

Er eg kanskje på jordet?

Bård

Legg igjen en kommentar