For meg ligger den en liten forskjell i betydning.
Å være snill mot noen – er å gjøre snille ting.
Å være snill med – er å behandle pent.
Men dette er kanskje bare dialektisk?
Dorthe
on 25.10.02 11:03, Bård Eskeland at barde@hepp.uio.no wrote:
> Eg prøver å lufta spørsmålet mitt på nytt: Kvifor er «snill mot» betre enn
> «snill med»? (Vart retta i språkvask).
>
> Eitt spørsmål til: Kva er dykkar innstilling til denne bruken av mot «Vi
> jobber mot Stortinget» – uttalt av ein lobbyist, trur eg, på Dagsrevyen e.l.
> for nokre dagar sidan (tyding: overfor). Eg kan ikkje få uttrykt kor sterkt eg
> mislikar denne broileraktige preposisjonsbruken (utan å bli ekskludert frå
> forumet).
>
> Til slutt «vel vitende om»? Er det urimeleg å leggja til grunn frasen «vita om
> noko»?
>
> Mvh
> Bård
>
> P.S. Kan ein bli nøydd til å «stå munnrett» – t.d. når ein har snakka «so
> lippene ikkje va’ par»? Eller handlar det meir om kven sin munn det gjeld?
> Gjennomsnittsmunnen er greitt for meg (til omsetjingsbruk!) dersom det er
> basert på skikkeleg kvantitativ metode, men ofte vert det vel gjennomsnittet
> av det språkvaskaren tilfeldigvis har høyrt i sin omgang med andre like «danna
> borgarar»? Og etter uransakelege prinsipp justert med skulerett grammatikk der
> ein i dei same krinsane tykkjer det høver. Dei krinsane der ein stort kan lita
> på si eiga språkkjensle. Takke meg til å stå skulerett!
>
>
>