Re: Og ikke nok med det! (Flere betitlingsproblemer)

Dette var pussig. I går og i dag intervjua eg ei dame på 86 år, fødd i 1916, med svensk far og bergensk mor. Ho fortalde at mange som ho ikkje er i slekt med, har tiltalt henne «tante». Eg meinte at det sikkert var frå den svenske sida hennar, men nei da, det var i tjukkaste Norge. Det var normenn som sa slikt til nordmenn. Heilt ukjent frå mi personlege erfaringsverd, men for henne var det normalt. Ho nemnte fleire tilfelle, det gjaldt altså ikkje berre henne, men også andre ho kjente, som hadde vorte tiltalt med «tante» og «onkel». No er ikkje denne kvinna akkurat frå den vanlege almuen, hennar svenske far var frå upper higher class og mora frå bergensk handelsborgarskap. Det kan hende at denne skikken i Norge er overklasseaktig. I så fall passar dette iallfall ikkje inn i din norske tekst. Og eg er einig meg Merete Alfsen i at det verkar umogleg å skilje mellom «tant» og «fru» i ein norsk tekst, i ein norsk samanheng kan «fru» ikkje vera ei tiltaleform reservert for dei fine. Bortsett frå i fleirtalsform, «fruene», da blir det ofte dei fine fruene det handlar om, parallelt med «herrane». «Fruene» er da penare enn «damene», som blir nøytralt. Motsatsen til «fruene» blir da «kjerringane», som i mi verd er eit nøytralt ord, altså ikkje nedsetjande, men som ikkje kan brukast om dei fine folka. Arbeidarkjerringane, men direktørfruene. Fru arbeidar Olsen blir omtalt som fru Olsen av dei andre arbeidarkonene. Fru ingeniør Petersen blir omtalt som enten fru Petersen eller fru ingeniør Petersen. «Fru arbeidar Olsen» er brukbart berre i ein parodi. Kanskje du blir tvinga til å søkje deg til desse distinksjonane når du skal omsetje «tant» og «fru»?

Åsmund Forfang

—– Original Message —–
From: «kari bolstad»
To:
Sent: Tuesday, November 12, 2002 10:20 AM
Subject: Og ikke nok med det! (Flere betitlingsproblemer)

> Siden jeg ved å presentere
> farsan/morsan-problematikken har fått innsyn i
> tiltalepraksis jeg slett ikke kjente til, våger jeg
> meg frampå med enda et betitlingsproblem som jeg til
> nå har betraktet som uløselig. Det dreier seg om
> farbror/tant om voksne man ikke er i slekt med. Min
> Nancy tiltaler/omtaler folk hun bare kjenner, men
> slett ikke har noe familiært eller nært forhold til,
> som farbror/tant Ågren. Dreier det seg om mennekser
> hun kjenner bedre, er det fabror/tant + fornavn.
>
> Problemet er at dette er en klassegreie. Farbror Ågren
> kan jeg kalle bare Ågren, men tant Ågren kan ikke uten
> videre kalles fru Ågren, for «fru» er forbeholdt «dom
> lite bättre».
>
> Kan det på Helgeland eller hvor vet jeg, finnes
> tiltaletradisjoner jeg ikke har peiling på, tro?
>
> Kari
>
>
> =====
> Kari Bolstad
> Camilla Colletts veg 3
> N-3715 Skien
> Tlf. ( 47)35524942
>
> ______________________________________________________
> Se den nye Yahoo! Mail på http://no.yahoo.com/
> Nytt design, enklere å bruke, alltid tilgang til Adressebok, Kalender og Notisbok
>
>

Legg igjen en kommentar