Re: Matrix Organization

Jo –

1) berre søk på heile den engelske frasen («matrix organization» i hermeteikn) etter å ha spesifisert søket til norske dokument. Eg fann berre eitt: årsmeldinga til «Sensonor». Heldigvis er slike tekstar ofte engelsk-norske parallellutgåver, og sanneleg: der det står «matrix organiszation» på engelsk, står det «matriseorganisasjon» på norsk. Men kva det er, seier ikkje teksten noko om.

2) I denne stoda, eller om eg ikkje finn noko under (1), gjer eg ofte slik: Søk på den mest primitive direkte omsetjinga (her: matriseorganisasjon), og sjå om du får opp dokument som a) handlar om det same som din tekst, b) er publiserte av institusjonar du lit nokolunde på. Får opp 219 treff, du får sjå om dei stettar (a) og (b) her.

Mvh
Bård

P.S. Eg har gått over frå Alta Vista til Google, som eg tykkjer gjev mest relevante (og hierarkisk organiserte) treff. Men det irriterer meg grenselaust at ein ikkje kan gjera trunkerte søk. Finst det ein motor som er like god på begge delar?

—– Original Message —–
From: «Benedicta Windt»
To: «O-ringen»
Sent: Sunday, November 03, 2002 12:50 PM
Subject: Matrix Organization

Ja, så står jeg fast igjen, da…
Denne gangen gjelder det begrepet «matrix organization».

Bård – du ga meg en smart måte å søke på for å få bare norske svar og forklaringer – men den mailen er selvfølgelig sporløst forsvunnet. Kunne du tenke deg å forklare det en gang til – ? Tusen takk.

Benedicta

Legg igjen en kommentar