Takk til alle som har hekta seg på!
Men kva skal eg konkludera med? Skal eg gje konsesjonar til bondemålet (frå og med Asker) og gamlis-målet (ca 45+)? Eller satsa på meir moderne sentrumssubkultur? Det gjeld jo å vera på parti med framtida, og å oppdatera prognosane for å vera eitt med verdsånda om lag ved passering middagshøgda. Men heller ikkje eg, kanskje ikkje eingong den mest trendmedvitne falangen av sjølvglad og -trygg norsk urbanjugend, kan stemma i med mikrobekoret «Sub specie aeternitatis»: «Ta-a-a-aim iss ånn mai sa-aid».
Til Per Q: tarse – mogleg det var skjemt?? – men då må du åtvara meg eksplisitt, for eg har no kjøpt denne forklåringa! Det einaste eg manglar er ei verifisering av at nokon har hatt begge tydingar i hovudet i si tid.
Beste helsing
Bård E.