Fakerten!
Bak den ironiske maska løyner det seg oftast rein hjelpeløyse – i mitt tilfelle ein lettlurt naivist. I barndomen let eg meg stendig lura og støkkja av _historiske_ bløffar av typen «Knut kappa av seg fingærn» – og forstod aldri kvar tabben eigentleg låg når ein trudde noko hadde skjedd som var langt meir enn _logisk_ mogleg (når ein kjende denne Knut). Tabben var naturlegvis å ha full tillit til sine tvilsame kameratar, og etter kvart seig denne LHS*-lærdomen inn. (M.a. difor solidariserer eg meg eigentleg med den u-ironiske generasjonen, og går no for å dengja min lågføtte og i røynda mest ubrukte retoriske gamp.)
Pers bløff er meir logisk og elegant (må eg jo hevda, som (nesten) let meg lura), men kven skal eg no setja min lit til? Eg vert sprett sprut sprø av ikkje å vita kva tæsje kjem av!
Bård
*LHS = livets harde skule
—– Original Message —–
From: «Per Qvale»
Sent: Wednesday, November 20, 2002 5:33 PM
Subject: Re: Kjangs/sjangs
> Ny melding til Bård og andre interesserte: Jeg trodde ikke jeg skulle kllare
> å lure noen med tæsje-etymologien, særlig ikke en ironiker som Bård. Men jeg
> kan ikke love å utstede advarsler for fremtiden!
>
> Advarsler *mot* fremtiden, derimot…
>
>
> Per aspera ad undas
>
>
> —– Original Message —–
> From: «Bård Eskeland»
> To:
> Sent: Wednesday, November 20, 2002 12:30 PM
> Subject: Re: Kjangs/sjangs
>
>
> Takk til alle som har hekta seg på!
>
> Men kva skal eg konkludera med? Skal eg gje konsesjonar til bondemålet (frå
> og med Asker) og gamlis-målet (ca 45+)? Eller satsa på meir moderne
> sentrumssubkultur? Det gjeld jo å vera på parti med framtida, og å oppdatera
> prognosane for å vera eitt med verdsånda om lag ved passering middagshøgda.
> Men heller ikkje eg, kanskje ikkje eingong den mest trendmedvitne falangen
> av sjølvglad og -trygg norsk urbanjugend, kan stemma i med mikrobekoret «Sub
> specie aeternitatis»: «Ta-a-a-aim iss ånn mai sa-aid».
>
> Til Per Q: tarse – mogleg det var skjemt?? – men då må du åtvara meg
> eksplisitt, for eg har no kjøpt denne forklåringa! Det einaste eg manglar er
> ei verifisering av at nokon har hatt begge tydingar i hovudet i si tid.
>
> Beste helsing
> Bård E.
>
>
>
>
>
>