(Eg er vel kjend med både huka og hekta, og er tilbøyeleg til å tru at «tæsje» var ei svært lokal sak, kanskje ei mistyding, kanskje frå Steinerskule-gjengen (meiner ordet vart nytta om andre ting òg).)
Barneleikar og andre barn(s)lege omgrep har ofte vore teke opp her. Det fyrste finst det vel bøker om, men barne- og ungdomsslang – før og etter det s.k. kebab-språket? Finst det ei god liste på nettet? (Det er mykje skrot der!) Eller har nokon her kanskje samla opp og redigert noko? Evt. kan eg gjera det, dersom eg får litt tid på meg. Kraftuttrykk og ekvivalentar (no./eng.) kan takast i same slengen?
Helsing
Gorilla vrengtryne opp-ned
P.S./PRAT: Eg er imponert over «filinga» til Kristian og co. For eit forarbeid!
Eg kjenner adrenalinsmaken når du skildrar den marerittaktige fartsauken til bussen du hektar på med sykkel – det sekundet då du skjønar at du har gått for langt, men det av ein eller annan grunn ikkje er nokon veg tilbake. Eg har òg prøvt dette etter trikk, det går helst bra, i alle fall på asfalt.
Elles saknar eg «gullfiskane», dersom det var det dei heitte, dei med romsleg støytfangar og ergonomisk akterspegel! Men eg hugsar ikkje kva me kalla det når me berre _sat_ bakpå på denne måten. Trur kanskje det var dette me brukte hekting om.
Mitt beste fall var siste gong eg og to kameratar sykla ned Kirkeveien på to syklar og eg stod med ein fot på kvart bagasjebrett, baklengs, heilt til syklane fann ut at dei ville gå kvar sin veg. Stutt etter angra dei seg like brått, og sjølv om dei ombestemte seg ørten gonger fekk eg krynt verket då fyrste etasje i denne ambulerande pyramiden etter ein storfeld dødsseglas kollapsa i ein blodig ruin av kropps- og sykkeldelar (like godt blanda som metaforane her…) seksti meter lenger ned i gata.
—– Original Message —–
From: «Erik Krogstad»
To:
Sent: Thursday, November 21, 2002 9:45 AM
Subject: re: huke
At 02:53 21.11.2002 +0100, you wrote:
>Huke heter det i Narvik også. Altså full samstemmighet Narvik/Harstad!
>Jeg ser ikke det minste problematisk i den etymologien heller.
>
>Toril
Vel. I Trondhjem het det broye. VI BROYE! lød ropet i mørke vinterkvelder,
opptil 8-10 gutter løp fram fra husveggen og slo neven i lasteplankarmer så
de gamle 50-tallsdoningene ikke hadde sjangs(!!!) (eller strengt tatt
«nubbert») til å komme seg opp Nonnegata. Bråstopp. Sjåføren ut som ei
kule. Forfølgelse.
Altså BROYE. Kanskje en avledning av praie? Formen er kjent over hele byen,
belagt hinsides all tvil i strøkene Møllenberg, Rosenborg, Singsaker.
Formen BROYSE er også belagt på Vollafallet og utover Øya.
Erik