Re: Glatt eller slett hår, …

Trur ikkje det er nokon skade skjedd om du nyttar ‘glatt’ i staden for ‘slett’ eller omvendt (verre med ‘flatt’, det kan verka misvisande for folk som ikkje har ordet i dialekten!). Men dette er berre tru … Spør nokon på Avdeling for leksikografi (t.d. Olaf Almenningen), så får du nok empirisk velgrunna svar!

Mvh
Bård E.

—– Original Message —–
From: «Nikolai Nelvik»
To:
Cc: «Nikolai Nelvik»
Sent: Friday, November 29, 2002 7:45 PM
Subject: Glatt eller slett hår, …

> … eller ‘flatt’? Men ikkje ‘stridt’. Det motsette av krøllet(e), altså.
> Her gjeld det ei lesebok for nynorskelevar. Kva seier folk med nynorsk eller
> nynorsknær dialekt rundt omkring i landet? Det er sikkert nokon i O-ringen
> som kan hjelpe til her. (På Nordmøre seier vi ‘glatt’.)
>
> Nikolai
>
>
>
>

Legg igjen en kommentar