Knut: Jeg tror det ovenstående også kan gjøre nytte som et slags svar på innleggene i denne tråden fra Bård Eskeland og Per Qvale også.
Bård: Ikkje heilt, Knut. Du går så konsekvent utanom dette: Det er ikkje snakk om reglar i dette tilfellet, men om grammatikalsk nokolunde likeverdige fenomen der det eine er uturvande og vil undergrava noko anna. Når folk seier til dømes «på grunn av at eg …» i staden for «fordi eg …», er det vel fordi (på grunn av at!) ein ikkje kan seia «fordi+subst». Dermed spreier den meir generelle seiemåten seg. Dette er sikkert spennande grammatisk, og eg skal ikkje nekta for at det kan bli interessant å høyra korleis ein i nytrøndsk kan utvikla former som «puinnatæ» osb. Men å låst som om dette førebels ikkje er uturvande pludring? Ein av dei andre kjepphestane mine er nett lufta gjennom O-ringen (uff!): universalpreposisjonen «i forhold til» (eller: «i foråinn te», som ein kamerat av meg seier). Eit språk kan utan tvil greia seg med éin preposisjon i dei aller fleste posisjonar, men skal ein verkeleg ikkje opplysa om at det finst andre, gode gamle og stutte??
Knut: Alt dette betyr selvfølgelig ikke at jeg kjøper [merkantil metafor!] en hvilken som helst uttrykksmåte. Men saken er at det praktisk talt ikke er noe språklig fenomen som evner å gjøre meg oppbrakt.
Bård: I min (litt yngre) generasjon er det knytt uhorveleg symbolsk profitt til å innta denne «desinteresserte» ståstaden innanfor kva som helst – og ein skorar endå litt høgare når ein kan påvisa at andre er «oppbrakt» e.l. Slik slepp ein alltid å ha ein dominert posisjon i det sosiosymbolske romet. Stort sett er dette eit (irriterande) spel som gjer meg meir enn oppbrakt (direkte livstrøytt!). Men eg tek meg saman og får meg til å tru på at du, Knut, er for gamal til slikt, og i ein viss forstand føler lite overfor all språkleg variasjon (eg skulle likevel gjerne sett deg dersom delar av omgangskrinsen min, som brukar opp til fleire engelske frasar Språkrådet aldri har høyrt om i så godt som kvar einaste setning, byrja å trumfa dette gjennom i skrift). Men: som språkforskar tek du sanneleg din mon igjen når du gassar deg i det grammatisk moglege. Denne forma for nyting er beint fram i strid med interessene til ein god del andre språkbrukarar, som ikkje er like spente på resultatet av alle slags eksperiment. Hadde det vore like stort medvit knytt til at ein med desinteresse-kortet (òg den ærlege varianten din) spelar ei konsekvent, kjensleladd og aktiv rolle i fremjinga av noko på kostnad av anna (for i ordverda er det beinhard tevling mellom det som politikarar med mediemakt og språkfolk med negativ symbolsk kapital står bak), ville eg vore takksam. Likeins om det var råd å ha meir enn éi haldning (eller haldningsløyse) til alt nytt eller til alt gamalt.
Dette vart visst litt meir oppbrakt enn meininga var. Ja, ja. 🙂
Mvh
Bård