Re: EP

Re: EPTusen takk til alle. Er dette ei grei oppsummering? (Oj – der kom ei grundig melding frå Frank – integrert):

Material Nemning Diameter Omdreiingar/min

Bakelitt Steinkake ca.=LP 78
Vinyl LP 12″ 33
maxi-singel 12″ 45
«EP»/»liten LP» 10 33/45
EP 7″ 33
singel 7″ 45

EP har «double density» eller noko slikt, og den mellomtingen eg m.fl. trudde var EP, var mini-LP …. eller ein slags EP likevel?

Ein kunne vore flisespikkar og sagt at forfattaren min tek feil med sine to vinyldimensjonar. Verre er det kanskje med tre omdreiingshastigheiter? (Ho har truleg gløymt at ho har avgrensa «plate» til «vinylplate» når ho seier dette. Eller var det 78-vinyl òg, Eilert?)

Bård

P.S. Som trass sin unge alder enno har fleire hyllemeter med (nice price-)vinyl, mest frå 70-talet (men utelukkande LPar) og kjøper maks ein CD i året for å fornya seg. Men denne «grammofonplateartisten» Elvis må du lenger ut på landet, med Per. (Kven var det då som skapte Stonehenge og Bermudatriangelet, liksom?)

Legg igjen en kommentar