Litteraturnettet (inkludert underbruket skrift.no) blir no
sponsa av dei skjønnlitterære skribentorganisasjonane,
inkludert Norsk Oversetterforening. Derfor følgande tilbod:
– Gratis e-post (sjå http://skrift.no/epost/).
– Gratis heimeside (sjå http://skrift.no/skribentar/).
Dette siste er eit tilbod til den som på enklast mulig måte
ønsker å gi ein kort presentasjon av seg sjøl på nettet:
– Du får disponere ei einaste side.
– Start på adressa http://skrift.no/ny/index.asp?pass=ny
– Du fyller ut eit relativt enkelt skjema.
– Dette blir sendt til meg for «kvalitetskontroll».
– Adressa til sida di blir type skrift.no/ibsen.
– Seinare kan du endre innhaldet i det samme skjemaet.
Det er nesten umulig å finne ei enklare løysing enn dette.
Skulle eg ha overvurdert norske skribentar, får eg prøve
å gjera det enda enklare.
Med beste helsing
idar…
Tlf: 73 51 76 71 (a) // 73 51 15 64 (p) // Fax: 90 34 17 10
http://lind.no/ — http://www.litteraturnettet.no/
Kjøp domene her: http://lind.no/domene/
. .. … .. .