Digresjon til debatten om parverb

Knuts interessante utlegning om parverba ligge/legge lokka meg til å bringe vidare observasjonar frå moderne muntleg norsk som ikkje rokkar ved utlegninga, men som viser praksis som bryt med analysen. Det har vorte meir utbreidd enn før å bruke «legge» der «ligge» er det ‘einaste korrekte’. Først hørte eg det av brorsonen og brordottera mi: «Eg låg da boka der på bordet.» Altså i betydninga «eg la …» Eg trudde vel den gongen at det var sagt i eit augeblikks barnleg språkforvirring, men nei. Eg har dei siste åra hørt andre her i området uttrykke seg akkurat like eins. Men her også må det komma parverbbetraktningar inn, for dei seier ikkje «eg gjekk og låg meg», men «eg gjekk og la meg». Men konsekvent: «Eg låg boka der på bordet.» Det kan tenåringar seie i dag, og så vidt eg veit vaksne i Bergen, det har eg iallfall vorte fortalt. Eg trur at «låg»-fenomenet er i framgang i talemålet, av ein eller annan grunn.

Åsmund Forfang

Legg igjen en kommentar